Velkommen til Smørhamn Handelsstad

Det er eit privilegium å kunne feriere på ein stad som Smørhamn.
Her finn ein ro og fred, samt at ein kan ande inn historia som sit i veggane.

På Smørhamn Handelsstad har det vore drive handel og gjestgjevarveksemd i uminnelege tider.

I dag er det Synøve og Johan Vadøy, og Kari og Knut Arne Vadøy som driv familietradisjonen vidare. Med 5 nye leilegheiter i ei av dei flotte buene i Smørhamn, samt utleige av eit av dei gamle husa, kan du no få ferieopphald på den tradisjonsrike handelsstaden i Smørhamn. Leilegheitene sto ferdig i juli 2005. Er de ei gruppe kan de også nytte selskapslokalet i den andre bua til felles hygge. Nærare det ekte og opprinnelege sjøhusmiljøet er det vanskeleg å komme.

I Smørhamn er du bokstaveleg tala midt i smørauge. Med Frøysjøen rett utanfor, lune viker og holmar lenger inne, kan du fiske i mest all slag ver. Naturen rund Smørhamn Handelsstad er og eit kapittel for seg. Husa ligg lunt til innforbi øyar og skjer, men du kan ta turen til fots utover øya og oppleve storbåra i styggever, eller oppdage nye ting i fjøresteinane. Villsauen har beite her ute og om du vil, er den av det godlynna slaget, og du kan godt helse på.