Smørhamn Handelsstad
Velkommen til eit ferieopphald heilt utanom det vanlege. Vi har utleige av ferieleilegheiter i eit unikt historisk miljø. Her har det i 350 år, vore stoppestad for reisande. 3 av kongane Danmark/Norge var innom her i løpet av 50 år, den første allereie i 1685.
Her var butikk, skule, brennevinshandel, tingmøter og losji for reisande. Det har og foregått fiskeriverksemd, med sildesalting og laksefiske. Då jektene trafikkerte kysten med varer, var her ei ideell hamn.
Fylkesbåtane hadde stoppestad her på slutten av 1800. og Bremanger kommune hadde dei første møta sine her for 160 år sidan.